Hopp til hovedinnhold

BirdLife Sogn og Fjordane

Sangsvaner i Sogn og Fjordane 2015-2020

Det overvintrer ein heil del sangsvaner i Sogn og Fjordane. NOF har organisert tellinga i 2015 og 2020, her er nokre resultat.

Av Anders Braanaas

Publisert 25.01.2020

Den europeiske svaneteljinga vart gjennomført helga 11–12 januar. Teljinga gjerast kvart 5. år , og det er sangsvane og dvergsvane som skal teljast.
I Sogn og Fjordane overvintrer ein heil del sangsvane frå forekomsten som hekker nordover i Skandinavia og i Russland. Dvergsvane er berre observert eit par ganger her i området.

Fra 70 tallet til midt på 90 tallet auka talet på overvintrande sangsvaner på vestlandet mykje. Sidan den gongen, dei siste 25 åra har talet ikkje endra seg så mykje. Under teljinga i år var antal individ 348, herav 2k 71. Sangsvanene beiter stort sett på botnplanter i grunne ferskvannsområde, i år med høg vannstand kan dei gjerne trekke meir opp på innmark og eng også her hos oss, noke som er vanleg i overvintringsområde lengre sør.

Nokre av dei viktigaste vassdraga for overvintrande sangsvane i Sogn og Fjordane er Hafslovatnet i Luster, Kyllaren/Leira i Askvoll, Flekke/Guddalsvassdraget i Fjaler og vassdraga i Hyllestad. I perioder med mykje frost og is på vatna kan dei samlast også på andre stader, som i Bergavatnet i Førde og Bergheimsvatnet i Gloppen. Dei vil då også trekke meir ut mot kysten , td heilt ut på dei ytterste øyane i Solund.

Sangsvane
FOTO: Anders Braanaas
Sangsvaner
FOTO: Anders Braanaas
Sangsvaner 2015-2020 PDF
FOTO: Anders Braanaas Last ned (PDF)