Hopp til hovedinnhold

BirdLife Sogn og Fjordane

Traner i Sogn og Fjordane

Tranene har sidan 1990 etablert seg som hekkefugl i Sogn og Fjordane, den 30.august vart heile 14 traner sett på Ask og Nes i Askvoll kommune. Det er første gang eit tosifra tal traner er registrert på Artsobservasjoner frå fylket.

Av Anders Braanaas

Publisert 31.08.2019

Trane er ein art som er i framgang i Sogn og Fjordane. 30. august 2019 vart heile 14 traner observert i ein flokk på Ask og  Nes i Askvoll kommune. 

Fram til 1990 var trane berre registrert med ein observasjon i fylket, ved Hafslovatnet 3.mai 1978. Norges Fugler (Svein Haftorn 1971) omtaler den som "ytterst sjelden på Vestlandet, og aldri funnet rugende."

Siden 1990 har tal observasjonar i fylket vært aukande år for år.  Dei første observasjoner av par i hekketida kom nettopp i 1990 med eit par ved Hornindalsvatnet og eit par ved Bringelandsvatnet i Gauler. 

Området rundt Bringelandsvatnet har seinare  vært ein årviss hekkeplass for tranene. 

Kart frå artsobservasjoner syner alle observasjoner av trane i hekketida (juni-juli) dei fem siste åra 2015-2019, og gir eit bilete av aktuelle hekkeområde for trane i Sogn og Fjordane pr dato.

I Hordaland der arten så tidleg som 1969 vart rapportert hekkande på Hardangervidda har den aldri etablert seg som hekkefugl i låglandet same måten som i Sogn og Fjordane. Observasjoner frå dei siste åra tyder på at den no også etablerer seg som hekkefugl i lågare område i Hordaland. 

Tranene er trufaste mot hekkeplassene sine og kjem tilbake til same plassen kvart år.

Ein trane som har hekka ved  ved Digernesvatnet i Førde kommune er fargemerka. Denne trana vart ringmerka i Orkdal kommune i Sørtrøndelag 10.juli 2007. Den vart sidan observert fleire ganger ved Hornborgasjøen i Sverige, men det var ingen observasjoner frå hekkeplass før den så vart sett ved Digernesvatnet i 2013, Observasjoner tyder på at den fekk fram ungar her både i 2012, 2013 og 2014. Andre år har vi ikke opplysningar om. 

Korleis utviklinga blir for tranene på Vestlandet veit vi ikkje, men mykje tyder på at hekkebestanden vil halde fram med å auke.

NOF vil gjerne ha rapport om traner i fylket, og det beste er om ein legg observasjonane rett inn på artsobservasjoner.

 

 

Trane
Trane på Bringeland april 2019 FOTO: Anders Braanaas
Mulig hekkeutbredelse av trane i Sogn og Fjordane
Rapporterte traner på Artsobservasjoner juni og juli dei siste fem åra. (2015-2019) FOTO: Artsobservasjoner.no
Fargemerka trane ved Digernesvatnet i Førde.
Dette er den fargemerka trana som hekker ved Digernesvatnet. Den brune fargen på ryggen kjem av at trana gnir seg inn med myrjord i hekketida. FOTO: Anders Braanaas
Trane ved Skor naturreservat i Hyllestad.
Denne trana fekk fram to ungar ved Skor Naturreservat i 2018 og 2019. FOTO: Anders Braanaas