Hopp til hovedinnhold

BirdLife Sogn og Fjordane

Fugletur til Værlandet og Bulandet

NOF Sogn og Fjordane arrangerer sin tradisjonelle hausttur til øyane vest i Askvoll kommune. Helga er 29/9 til 1/10, og i år kjem Bergen lokallag på vitjing same helg. Dette blir årets happening på fuglefronten i Sogn og Fjordane.

Av Anders Braanaas

Publisert 02.08.2017

NOF Sogn og Fjordane  arrangerer tur til Værlandet frå fredag 29/9 til søndag 1/10.
Ein kan rekne med at mykje fugl og til dels sjeldne arter passerer Værlandet og Bulandet denne tida på hausten.
Vi vil ha fellesutflukter kvar dag denne helga, i tillegg er det enkelt å ta seg fram på eiga hand i øygruppa. Planlegging av neste dags utflukter vil skje i stova på gamleskulen i Værlandet kvar kveld.
Avhengig av vêr og vind vert det utflukt til Sandøy ytst i Bulandet laurdag/sundag morgon.
Bergen lokallag av NOF har invitert til tur same helg, så her vert det god muligheit for å lære og sjå på fugl  med røynde folk.

Det er fleire alternative overnattingssteder både i Værlandet og i Bulandet.
Mange vel å bu på Værlandet Gjesteheim  tel: 95778071, dette er eit rimeleg og sosialt alternativ,  men vêr rask å tinge rom.
Sjå ellers informasjon om reise og overnatting mm  på                 www.vaerlandet-bulandet.no eller på www.destinasjonvest.no
Ta gjerne kontakt med Anders Braanaas (401 03 521) om det er spørsmål om reise , overnatting , fugl på Værlandet eller anna.

I Værlandet og Bulandet er det pr 1/8-2017 registrert 232 ulike fuglearter. Kvart år og spesiellt om hausten kjem nye til. Som for andre utposter langs kysten er det mai/juni og september/oktober som er dei mest spennande tidene for fuglekiking.
Sidan øyane vest i Sogn og Fjordane er relativt lite besøkt av ornitologar er det framleis mogeleg å finne arter som ikkje er sett her før. Det gjer det litt ekstra kjekt å vere fuglekikkar nett her.
På veg til Værlandet tek ein ferge frå Askvoll. Her er eit av Sogn og Fjordanes finaste våtmarksområde i Askvika og Leira.

Velkomen til fugletur i Værlandet og Bulandet - staden der fugler og fuglefolk møtes.

Fugl i Værlandet/Bulandet i perioden september/oktober:

Over 200 ulike arter er registrert i september og oktober, så mangfoldet er stort av alt frå spurvefugl til rovfugl og sjøfugl.
Det store trekket av hvitkinngås passerer Værlandet og Bulandet i månadsskiftet september oktober på veg frå Svalbard til Skottland.

Av spesielle arter som er sett i Værlandet og Bulandet om hausten:

Gulnebblom
Egretthegre
Steppehauk
Svarthalespove
Polarsvømmesnipe
Polarlomvi
Skogdue
Turteldue
Hærfugl
Tartarpiplerke
Sibirpiplerke
Blåstjert
Svartrødstjert
Asiasvartstrupe
Gulltrost
Hauksanger
Gulbrynsanger
Rødstrupesanger
Ospesanger
Fuglekongesanger
Dvergfluesnapper
Rosenstær
Svartkråke
Båndkorsnebb
Dvergspurv
Svarthodespurv

Vannrikse
Vannrikse er ein relativt vanleg haustgjest i Værlandet og Bulandet. Denne er merka og sleppt ut igjen i guds frie natur av Ola Nordsteien. FOTO: Anders Braanaas
Hvitkinngås i Melværen
Hvitkinngåsa trekker forbi i store antall i månedsskiftet sept/okt. Ved spesielle vértilhve kan tusenvis av fugler raste her før overfart til Skottland. FOTO: Anders Braanaas