Hopp til hovedinnhold

BirdLife Sogn og Fjordane

Vintertur til Bremanger 2.-4- mars 2018

NOF Sogn og Fjordane arrangerer vintertur til eit område som er ukjent for dei fleste fugleinteresserte. Ut mot havet rett sør om Stadt -

Publisert 28.01.2018

NOF Sogn og Fjordane innviterer medlemmer og fugleinteresserte med på tur til Bremanger første helga i mars.

Sidan Bremanger ligg ut mot kysten er det gode sjangser for bra med fugl også på vinteren. Kalvåg med fiskemottak kan by på  måker og forhåpentligvis også polare måker, og i hagene kan ein og håpe å finne spennande arter som til dømes tyrkerdue.

Vi tek turen til Nesje, nord på Frøyalandet, og følger Bremangerpollen rundt til Grotle og Grotlesanden. Aktuelle arter her er overvintrende vadefugl, svartstrupe og gravand.  Om været blir bra prøver vi å få til ein båttur  vest om Kalvåg for å sjekke ut gruntvassområda der for overvintrende sjøfugl.

Overnatting blir i Kalvåg.

På grunn av overnatting og mat treng vi påmelding seinast ei veke før,   25.februar . 

Påmelding til leiaren vår, Torbjørn Hasund,  tlf 93004685  epost torbjorn.hasund@sfj.no 

Ta kontakt for spørsmål eller meir detaljert informasjon.

 

Svartand
Svartender og andre overvintrende sjøfugl er noke av det vi satser på å sjå i områda vest for Frøyalandet. FOTO: Anders Braanaas
Ja vi elsker måker ..
Rundt fiskemottaket i Kalvåg er mykje måker samla i vinterhalvåret. FOTO: Anders Braanaas