Hopp til hovedinnhold

BirdLife Aust-Agder

"Eit år med trekkfuglar" og flotte fuglebilde frå Aust-Agder!

Brit Bildøen har stor suksess med den nye boka "Over land og hav" ei kjærleikserklæring til fuglane rundt oss og dei fine naturopplevingane som ventar når vi berre får auga opp for dei. Mandag 18. oktober kjem ho til Arendal bibliotek, der også Hege Ødegård frå fugleorganisasjonen Norsk ornitologisk forening viser flotte bilde av fuglar i Aust-Agder.

Av Jan Kløvstad

Publisert 05.10.2021

Brit Bildøen er kjent som ein av dei leiande samtidsforfattarane, og bøkene hennes kjem ut på stadig fleire språk. Ho er også Patti Smiths norske stemme, som fast oversettar av bøkene den amerikanske rockemusikaren, låtskrivaren songaren og poeten.

Ornitologane i Aust-Agder har nettopp gitt ut den rikt illustrerte og imponerande jubileumsboka «Fugler og fuglefolk i Aust-Agder», og bilda som blir vist på den store skjermen i auditoriet i biblioteket er blant godbitane frå praktboka og den aktive facebooksida "Fugler i Aust-Agder."

Austegdelaget, Norsk ornitologisk foreining avd. Aust-Agder, Arendal bibliotek og Folkeakademiet Arendal samarbeider om kvelden til kunnskap om og hyllest til fuglane.

Tid: Mandag 18.oktober kl. 19.00.

Sted: Arendal bibliotek

Pris: kr 100.

Billettsal i Arendal bibliotek tlf 37 01 39 10 frå mandag 11. oktober. Ledige billettar blir selt i døra. Hjarteleg velkomne!

Over land og hav
Brit Bildøen har stor suksess med den nye boka "Over land og hav". FOTO: Skjermdump av bokomslaget (Kagge forlag)
Fugler og fuglefolk i Aust-Agder
Ornitologane i Aust-Agder har nettopp gitt ut den rikt illustrerte og imponerande jubileumsboka «Fugler og fuglefolk i Aust-Agder.» FOTO: NOF avd. Aust-Agder