Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Kartlegging av vannrikse 9.-10. desember

Den andre helga i desember vert det arrangert ei uhøgtidleg kartlegging av vannrikse i Hordaland. Denne helga gjeld det å oppsøke vatn med tilstrekkeleg kantvegetasjon, og spele av arten sin lyd for å sjå om ein kan få noko svar. Kor vanleg er denne kryptiske arten eigentleg på tidlegvinteren i fylket?

Av Oddvar Heggøy og Frode Falkenberg

Publisert 06.12.2017

Med sine 23-26 cm er vannriksa ein ganske liten fugl. Det lange og raudlege nebbet, beina med dei lange tærne og den pæreforma kroppsfasongen gjev arten ein karakteristisk utsjånad. Vannriksa lever for det meste eit temmeleg tilbaketrukke liv i takrørskogar, starrbelter og anna høg våtmarksvegetasjon. Nokon gonger, særleg i kuldeperiodar om vinteren, kan ho plutseleg spankulere ope rundt, men vanlegvis gjer ho seg berre til kjenne med sine karakteristiske skrike- og gryntelydar. Helst finn ein vannriksa på ferskvannslokalitetar, men nokon stader treff ein også arten i takrørskogar ved sjøen.

Liten hekkebestand, større vinterbestand

Som hekkefugl er vannriksa ganske fåtaleg i Norge. NOF har vurdert bestanden til 70-170 par, dei aller fleste konsentrert til våtmarkslokalitetar i Sør-Noreg (Shimmings & Øien 2015). Kvar haust får vi likevel eit skikkeleg innsig av vannrikser til landet vårt, og då særleg langs kysten frå Agder til Trøndelag. Truleg kjem mange av desse fuglane trekkande frå hekkelokalitetar i Aust-Europa. Riksene dukkar som regel opp i oktober, og talet aukar jamnt utover seinhausten. Ein del fuglar kjem nok først når det frys til lenger aust. 

Vannriksa i Hordaland

I Hordaland dukkar dei fleste vannriksene opp i ytre strok. Arten vert jamleg påvist i ei rekkje av småvatna rundt Bergen, men også i dei mange små og store vatna i ytre delar av Nordhordland (Lindås, Radøy og Austrheim), i Øygarden og på Sotra, samt i fleire av dei rike våtmarksbiotopane lenger sør i fylket (Stord, Fitjar, Bømlo, Sveio). I innlandet er det temmeleg få observasjonar frå seinhaust og vinter. 

I 2000 vart det gjennomført ei kartlegging av vannrikse i Hordaland den tredje helga i desember. Den gongen var det nok best dekning i områda rundt Bergen, men det vart også leita mange andre stader i fylket. Resultatet den gongen var 59 rikser, fordelt på 107 lokalitetar i (kyst)kommunane. Den gongen deltok 15 personar i kartlegginga. 

Kartlegging desember 2017

I 2017 ynskjer vi å gjenta suksessen, for å sjå kor mange rikser vi kan spore opp no, 16 år seinare. Difor oppfordrar vi alle som har høve til å kome seg ut for å leite opp vannrikser i Hordaland den andre helga i desember (9.-10.12). Vi har laga eit kart over områda arten er rapportert frå tidlegare i fylket (sjå nederst i nettsaka), og vil prøve å fordele desse så godt som mogeleg mellom dei som vil vere med. Kom gjerne med ynskjer om kva område du har lyst til å besøke.

Metoden er ganske enkel: Det ein treng er ein avspelar kor ein kan spele av lyden til vannriksa. Det bør helst vere litt volum, dvs. litt meir enn kva ein får til med ein vanleg mobiltelefon. Dersom du ikkje har tilgang på vannriksa sin lyd på cd e.l., finn ein mange opptak av arten på denne sida. Lyden spelast av i eit minutts tid, i nærleiken av passande habitat for arten, dvs. fuktige område (vatn, fuktig myr og sump) med takrør eller anna gras, starr eller siv, der vannriksa kan finne skjul. Om ein ikkje får svar frå vegetasjonen innan 5-10 minutt, kan ein rekne området som godt nok sjekka.

Ynskjer du å delta kan du sende ein mail til rallus@fuglar.no. Vi oppfordrar folk til å rapportere resultata sine i Artsobservasjoner, eller på mail til oss. Sidan det også er interessant å vite kva vatn som er besøkt utan å finne vannrikse, vil vi gjerne ha tilsendt oversikter på mail over alle vatna som er besøkt denne helga. I tillegg vil vi veldig gjerne at ein prøver å få gode tal på andre fåtalege vassfuglar, som m.a. sothøne.

 

Kartet over viser alle lokalitetar vannrikser har blitt rapportert frå i Artsobservasjoner. Vi ynskjer at så mange av lokalitetane som mogeleg vert besøkt, inkludert passande områder der det ikkje har vore observert vannrikse før. Hugs å notere lokalitetar som er besøkt og spelt av lyd på, både dei med og dei utan respons fra rikser.

 

Referansar

Shimmings, P. & Øien, I. J. 2015. Bestandsestimater for norske hekkefugler. NOF‐rapport 2015‐2. 268 s.

Vannrikse
Vannriksa er med sin særegne kroppsfasong og sitt mellomlange røde nebb en særegen fugleart. Den viser seg sjelden helt åpent som her, og foretrekker å gjemme seg i sump- og kantvegetasjon rundt innsjøer og tjern. Den andre helga i desember gjennomføres en kartlegging av arten i Hordaland. Vi ber alle som ønsker å delta om å ta kontakt på rallus@fuglar.no. FOTO: Frode Falkenberg