Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Ofrar vi vipa for å redde klimaet?

Talet på viper er dramatisk redusert dei siste åra og fuglen hekkar ikkje lenger der han før var talrik. I fleire kommunar i Hordaland er han borte, og mange, både bønder og oss andre som har opplevd vipesongen om våren, er i ferd med å miste noko viktig. Men enkelte bønder kjempar for å redde vipa

Av Anders Heien, NOF Bergen lokallag

Publisert 12.05.2019

Skjøtsel og tiltak

I Hordaland er det på sikt få livskraftige bestandar av vipe att. I alle fall dersom det er slik at det over tid må vere ca 8 par for å halde flygande predatorar borte. Herdla på Askøy har den eine, men  Kvinnherad kommune har hatt størst hekkesuksess med rundt 30 observerte vipeungar dei åra prosjektet Vern vipa i Hordaland har samla talmateriale. Lokaliteten med flest hekkande vipe er Sætre kulturmark på Halsnøy, men også Seimsfoss og Skarveland har hekkande viper. Også inne på anlegget på Husnes er det observert viper. Det er dei to førstnemnde lokalitetane, Seimsfoss og Sætre, Anders Bjordal og eg  oppsøkte ein kald maidag no i vår.

Dei to bøndene som tek vare på vipene her driv jorda med ein plan og eit ønske om å verne vipene. Det startar med registrering av reir, noko som krev tid og skarp observasjonsevne. Den første hannen kom allereie 23.2 til Sætre og 27.2. til Seimsfoss, fortel bøndene Harald Arnevik og Sigurd Seim. Seinare kom det til Seim ein flokk på 12-13, og  fire par gjekk til hekking, det eine forsøket var mislukka. På Seim blir reira merka med pinne, og på Sætre merkar bonden diskret reira med ei fille stukke ned i jorda i nærleiken av reiret. Dette gjer at dei kan kjøre utanom ved pløying eller gylling. Reir har og blitt dekka til med ei bøtte, fortel Sigurd. Arbeid har og stått på vent for at vipene skal få fred i sårbare periodar med nyklekte ungar. Sigurd Seim vil prøve ut ei kasseinnhegning i år der dei små blir samla før han pløyer opp eit stykke der det er to reir. På Sætre startar H. Arnevik slåtten først tidleg i juni, og då er håpet at ungane har klart å trekke unna. Dei slår graset delvis frå midten og utover og lagar ei gate mot tryggare kantsoner. Det er fuktige «øyer» i marka på Sætre, og det er nok og ein grunn til at dei fleste vipene på Halsnøy hekkar nettopp der, heile 14 reir er påviste av bonden i år.

På Halsnøy er det ikkje raudrev, men mange måkar, som er glupske etter vipeungar, fortel ein engasjert Arnevik. Han er bekymra for at det er fleire måkar no enn før som leiter etter mat andre stader enn der dei naturleg burde vere, ved sjøen.

På Seim er markene lik dei ein finn på mange gardar i fjordbygder på Vestlandet, skrådde og relativt tørre med høgvaksen vegetasjon mellom teigane, men som kanskje ikkje er eigna for vipeungar. Her er det nok strandsona som gir skjul og er opphaldsstad for ungane før dei er flygedyktige, meiner Seim. Han har tre reir på sine marker.

Bonden og vipa

Ein kan spørje seg kvifor det berre er viper her  når det er rikeleg med liknande biotopar andre stader langs vestlandske fjordarmar? I Guddalen over Seimsfoss vart det tatt ut 15 rødrev det siste året, det meiner Sigurd Seim er viktig for at vipene skal ha ein sjanse. Reven vil nok systematisk fjerne vipeungar dersom han slepp til. Men hovudsvaret på spørsmålet er nok samspelet mellom vipa og bonden. Bonden si innstilling, tida han bruker på registrering og vernetiltak og driftsmåtar er heilt avgjerande for at vipa overlever. Sesongen 2013 og 2014 var utan viper, fortel Seim, men dei har tydelegvis funne attende åra etter.

Harald Arnevik gir tydeleg inntrykk av kor viktig vipene er for han som menneske og gardbrukar. Når vipene spelar opp om våren gjer det noko med både kropp og sjel, seier han mens han går og vil vise oss nokre av reira. Med oss er også Pål Dale, Vern vipa sin faste rapportør på Halsnøy. Det er kald nordavind over Halsnøy, vi skundar oss bort frå reir for å la vipene vere i fred. Det var valleslette her for to dagar sidan, kvitt på markene, sukkar Harald. Vi får håpe kulda ikkje tek knekken på kyllingane som snart kjem. Ein dag etter vårt besøk melder han fornøgd at han har sett tre!

Klima eller vern?

Det er nettopp lagt fram ein stor internasjonal forskingsrapport i regi av FN og slått alarm om at tapet av artar trugar framtida vår vel så mykje som klimaendringane.  I rapporten blir det trekt fram at også måten vi produserer bl.a mat på ikkje er bærekraftig. Matjorda blir i global målestokk dårlegare og pollineringa er truga, sjølv om verdiskapinga i landbruket har blitt tredobla dei siste 50 åra. Frå landbruksdirektoratet har det dei siste ti åra kome nye miljøforskrifter og tilskotsordningar for å redusere klimautslepp frå landbruket. Landbruket har fått mykje fokus når det gjeld utslepp av klimagassar. Men utviklinga går mot større einingar med fleire husdyr, meir gjødsel som skal handterast til beste for klimaet og nærmiljøet. Mange bønder har fått tilskot til å legge om frå tradisjonell viftespreiing av gjødsel til bruk av breie slangebommar som «legg» gjødselen ved planterøtene, ei løysing som gir mindre klimagassutslepp til luft, mindre avrenning, reinare planter, mindre jordpakking m.m. Denne metoden med tilhøyrande slepeslange gjer det temmeleg umuleg å ikkje sope med seg vipereir, egg eller ungar.

Det er samansette årsaker til den dramatiske nedgangen for vipa, men nedgangen har akselerert det siste tiåret, 50-80 %. Er det ein samanheng mellom effektivisering og klimatiltak i landbruket og nedgangen i vipebestanden det siste tiåret? Kva skal vege mest? Klima eller vern av artar?

Når det nye kunnskapsgrunnlaget om årsaker til -og verknader av tap av artar får politiske konsekvensar, blir det kanskje naturleg at bønder i nær framtid kan søke om tilskot for å produsere gras på ein mindre effektiv, men meir vipevennleg måte, ei lita handsrekning til den folkekjære vipa.

 

Vipe
FOTO: Anders Heien
Seimsfoss - Kantsone, godt skjul for vipa
FOTO: Anders Heien
Å kjøre utenom reir
FOTO: Anders Heien
Graseng, Sætre
FOTO: Anders Heien
Reir med merkepinnar Seimsfoss
To reir med merkepinnar på Seimsfoss. FOTO: Anders Heien